Antikkens verd

Et ansikt hugget ut i stein.

Frå Universitetets klassiske samlingar: Oldtidas Hellas – Etruskarane – Oldtidas Roma.

Velkommen til opninga av museets fyrste, vesle, permanente utstilling frå Universitetets klassiske samlingar. Her blir eit utval av gjenstandar frå oldtidas store kulturar i landa rundt Middelhavet vist fram. For fyrste gong blir heile professor Arvid Andrén si samling av etruskiske antikvitetar, som blei donert til Universitetet i fjor, stilt ut.

Ny utstilling "Antikkens verd" opnar fredag 26. april 2002 i Historisk museum. Dette er den fyrste permanente utstillinga av museets klassiske samling, med blant anna professor Arvid Andréns klassiske samling frå Italia.

  • Sundag 28. april kl. 13.00: Bli med fyrsteamanuensis Laszlo Berczelly til "Antikken" og den svenske professoren Arvid Andréns klassiske Italia.

Antikken i Historisk museum

Middelhavslandas sol, varme, sterke lukter og intense fargar. Dei fleste av oss har eit forhold til landa rundt Middelhavet; Italia, Hellas og Egeerhavet, Athen, Korint, Toscana, Sicilia og Napoli, for å nemne nokre namn som kan bringe ein til stader og kanskje også tilbake i tid, til perioden frå 700 år f.Kr. til 300 år etter. Til den perioden som også ofte blir kalla antikken, eller oldtida, kulturen og kunsten frå grekarane, etruskarane og romarane.

No stiller Universitetets kulturhistoriske museer for fyrste gong ut ein liten del av si omfattande klassiske samling i Historisk museum.

Museet har landets største og mest allsidige antikksamling i sitt gøyme, og no får vi ei permanent klassisk utstilling. Gjenstandane vi viser kjem frå Middelhavsområdet frå tidleg til sein antikk. Det er greske vasar frå pottemakarverkstadane i Athen og Korint, greske terrakottafigurar, bordservise frå Athen og fiskefat frå Sør-Italia. Det er romersk glas, laga i palestinske og syriske glashytter, og oljelamper til kvardagsbruk. Og det er eit romersk marmorportrett av ein ung gut som sannsynlegvis er vigd guden Isis, og Sofokles i marmor i stor storleik.

Gjenstandane har kome til Historisk museum på ulikt vis. Det er etruskiske gjenstandar som blei donert i 2001 av den svenske arkeologen Arvid Andrén. Det er greske vasar som vart gjevne til Etnografisk museum i Kristiania frå kong Oscar II i 1886 som kongen i sin tur hadde fått frå den tyske arkeologen Heinrich Schliemann. Det er samlinga til baron Plato von Ustinow, ein russisk adelsmann som reiste til Palestina i førre hundreår for helsa si skuld, og som blei delvis kjøpt av og donert til Universitetet. Og det er statuen av Sofokles som er henta tilbake frå Nasjonalgalleriet, ein av fleire statuer som Universitetet eig, men som har vore deponert i Nasjonalgalleriet i ei årrekkje.

Original versjon

Sjå utstillinga i den opphavelege versjonen

Publisert 17. mars 2020 08:47 - Sist endra 22. juli 2022 12:46