English version of this page

FORFALL – Starten på noko nytt

Forfall er nedbryting og død, men det legg også grunnlaget for nytt liv. Nokre er fascinert av det, medan andre fryktar det. Denne utstillinga som er laga av studentar ved masterprogrammet i museologi og kulturarvstudier ved Universitetet i Oslo ser nærmare på dette omgrepet.

Et tomt rom med to vinduer.

Foto: Fredrik Rustøen

Visste du at det finst folk som på eige initiativ oppsøkjer forfalne bygningar? Har du nokon gong tenkt over at muggost er eit resultat av kontrollert forfall? Vi omgjev oss med ulike former for forfall kvar dag. Hus forfell, kropp forfell, moral forfell.

I denne utstillinga utforskar studentar ved Universitetet i Oslo forfall frå ulike perspektiv:

  • Kroppsløpet i forfall undersøkjer dei stadige endringane gjennom eit livsløp, nært knytt til minne frå eit liv. 
  • Planlagt forfall handlar om korleis vi tek kontroll over forfallet.
  • Fascinasjonen for det forfalne er den fascinasjonen som menneske har for forfalne bygningar og eigendelar.
  • Forfallsforteljingar utforskar korleis førestellingar om forfall har vore og er viktige i politikk og religion.

Kva er forfall for deg? Er det utelukkande noko ein bør forhindre? Eller bidreg også forfall til ei utvikling av samfunnet rundt oss? Denne utstillinga reflekterer over dette ordet som kan bety så mangt.

Utstillinga er laga av studentar ved masterprogrammet i museologi og kulturarvstudier ved Universitetet i Oslo i samarbeid med Kulturhistorisk museum.

Publisert 11. feb. 2020 09:30 - Sist endra 22. juli 2022 13:17