English version of this page

Kongeleg porselen frå Siam: Kaptein Rings samling

I 1904 kom fleire skipskister til Kristiania fulle av skattar frå Siam, dagens Thailand. Kaptein Theodor Ring hadde samla 250 delar fargerikt Benjarong-porselen under tenesta i den siamesiske marinen. Desse ville han no skjenke til to av Oslos museum.

Bildet kan inneholde: steingods, keramisk, porselen, medlem, servise.

Benjarong-porselen blei produsert i Kina, brukt i Thailand og dekorert med motiver med røter i indisk mytologi. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Kirsten Jensen Helgeland.

Frå fredag 22. november kan du oppleve funklande og fargerikt porselen frå Thailand, gjeve til museet i 1904 av marinekaptein Theodor Ring.

Kongeleg luksus i norske museum

Etter å ha vore gløymd i fleire generasjonar, pakkast kaptein Rings gåve ut att og stillast ut i ei vakker, lita utstilling i museets trapperepos i 2. etasje. Utstillinga fortel om Benjarong-porselenets reise frå Kina på 1700- og 1800-talet til Thailands hovudstad og derifrå til eit norsk museum. Ordet Benjarong stammar frå sanskrit og tyder «fem fargar». Porselenet, som gjerne hadde fleire enn fem fargar, blei bestilt av det thailandske kongehuset. Ved hoffet blei bollar, krukker og fat brukt til servering av mat, vassbehaldarar og kosmetikk. Typisk for Benjarong er frodige mønster med blomar og mytologiske figurar i intense fargar. Med deira mangslungne historie, fortel desse gjenstandane om kreative møte mellom idear, kulturar og menneske over fleire hundreår.

Usedvanleg storleik og kvalitet

I 2006 fekk Kulturhistorisk museum besøk av den kjente porselens-eksperten frå Albert and Victoria Museum i London, Rose Kerr. Ho fann keramikksamlinga frå Thailand bortgøymd i museets magasin og påpeikte at den var av «exceptional size and quality, unmatched in most museums». Kaptein Ring hadde delt samlinga si mellom den tidas Kunstindustrimuseum og Ethnografisk museum, som for resten fekk brorparten av samlinga (200 delar). Ring og kona hans Maggie, beheldt noko porselen sjølv, og dette eigast den dag i dag av Theodor Rings familie. Utstillinga viser porselen frå begge museum, både Kulturhistorisk museum, som huser hovudstadens etnografiske samling, og frå Nasjonalmuseet, som Kunstindustrimuseet er ein del av i dag. Samtidig kan du også oppleve andre gjenstandar som gjestearbeidaren i Siam gav til museet, og også Benjarong frå ein annan norsk oppdagingsreisande i Austen, Carl Bock (1849-1932).

Kong Chulalongkorn og kaptein Ring

Theodor Peder Amundsen Ring blei fødd i 1866 i Solør, nordaust for Oslo. Han søkte seg til Sjøkrigsskolen i Horten og blei uteksaminert som sekondløytnant i 1887, 21 år gamal. Deretter segla han til sjøs i ti år, før han i 1897 blei han tilsett i Den kongelige siamesiske marine. Siams kongar hadde frå midten av 1800-talet sett i gang ei modernisering av landet for at landet skulle unngå same skjebne som nabolanda som var blitt britiske eller franske koloniar. Utanlandske ekspertar innan militærvesen og samferdsel spela ei viktig rolle, blant anna let 16 nordmenn seg verve til den siamesiske marinen. Frå 1868 til 1910 blei landet regjert av kong Chulalongkorn som i dagens Thailand blir hylla som ein framstegsvenleg regent med eigenskapar som ein helgen. Kongen vitja Norge i 1907, og under ein slottsmiddag fekk Theodor Ring helse på både kong Haakon og sin tidlegare arbeidsgjevar. Kong Chulalongkorn gav ut ei bok frå den tre veker lange Noregsreisa, kalla «Langt heimefrå». På Nordkapp finst eit lite Chulalongkorn-museum.

Theodor Ring må ha vore ein samlar heilt frå han var liten av. Han innrømmer i eit brev at han i sin samleiver braut av ein liten bit av Gokstadskipet då han som ung gut vitja utgravinga. Ring avslutta tenesta i den siamesiske marinen i 1906, men busette seg i Penang på den Malaysiske halvøy med familien sin frå 1913 til 1921. Han døydde i Oslo i 1932.

Utstilling, bok og seminar

Kurator for utstillinga er konservator Anne Håbu. Utstillinga har blitt til i samarbeid med ambassadør H.E. Mr. Theerakun Niyom og Kongeriket Thailands ambassade i Noreg.

I samband med utstillinga utgjev Hermes Academic Publishing boka «Royal Porcelain from Siam. Unpacking the Ring Collection», redigert av Anne Håbu og Dawn Rooney. Boka har bidrag frå internasjonale ekspertar på Thailand og Benjarong. Museets fotograf, Kirsten Jensen Helgeland, har illustrert boka med vakre fotografi av Ring-samlinga.

Biletgalleri

Benjarong biletgalleri

Bok

Bok: Royal Porcelain from Siam - Unpacking the Ring Collection

Publisert 14. okt. 2013 16:04 - Sist endra 26. apr. 2022 16:32