Utstillinga og prosjektet tek for seg eit lenge forsømt emne i norsk historisk forsking og kulturvern. Skeivt uteliv belyser de store samfunnsendringane som har skjedd sidan 2. verdskrig i forhold til syn på kjønn og seksualitet. Dokumentasjonsprosjektet Skeivt uteliv samlar aspekt ved lesbiske, bifile og homofile sin historie som ikkje tidlegare har vore prioritert: historiene om uformelle nettverk og møtestadene der desse utfalda seg.
Innsamling/ dokumentasjon og formidling i dette prosjektet heng tett saman, og innsamling føregår i sjølve utstillinga. Slik bidreg Skeivt uteliv til å nå ut til personar som har tekstar, foto, plakatar, avisutklipp, flyers, klede og andre uventa ting og minner eller anna relevant materiale. Utstillingsrommet er ein stad der dialog med dei historiske aktørane kan oppstå og der folk kan bidra til ei interaktiv formidling og innsamling av materiale som det elles ville vore vanskeleg å finne og ta vare på.