Synkroniseringa av verda

I verda finst mange ulike oppfatningar av tid - kan dei synkroniserast? Dette er ei utstilling av studentar som deltek i kurset Utstillings-produksjon. Gjennom fire ulike vinklar har studentane presentert sine tankar og assosiasjonar om synkronisering av verda.

Bildet kan inneholde: klokke, veggur, stillbildefotografering, vekkerklokke, lommeur.

Foto: Nick

Foto: Nick

Kor lenge lever ein gjenstand?

Ta eit steg tilbake og reflekter over ditt eiget forbruk av og forhold til ting. Kva trur du tinga du omgjev deg med kan fortelje om deg og din kulturs forståing av tid? Ei nedarva klokke som ikkje lenger går, eingongshøvelen på badet, mobilen i lomma og plastemballasjen frå lunsjen, vårt daglege forbruk. Alt har si tid, men korleis vi omgår ting og ser deira verdi endrar seg, spørsmålet vi stiller er: har vi hamna i utakt med ei vestleg oppfatning om tida som lineær, tida som går, mot framsteget?  Har synkroniseringa av verda ført med seg ein global utakt, ein utakt som blir synleg i vårt forbruk og vårt forhold til ting?

Kven har rett til å synkronisere verda?

1884 markerer seg som eit viktig årstal innanfor synkroniseringa av verda. I løpet av dette året blei to konferansar halde som forsøkte å omjustere utakta i tid og rom: den internasjonale meridiankonferanse som førte til danninga av 24 tidssoner med nullmeridian i Greenwich, London, og Berlin-konferansen, som førte til oppdelinga av Afrika i kolonistatar. Begge konferansane fører til spørsmålet om kven som har rett til å synkronisere verda.  

Kan ein gjenstand endre historia?

Og kan vi eigentleg forstå fortida utan gjenstandane som høyrer til den? Ved å finne, forske på og relatere oss til gjenstandar frå fortida, kan vi utfordre historia slik vi kjenner den. Vi har plukka fram gjenstandar frå sin bortgøymde plass i Kulturhistorisk museums utan nummer-samling, leita etter forsvunne gjenstandar i arkivet og lese arkivkortmysteriet frå 1905 som blei løyst av eit potteskår i 2011. Kva historier går vi glipp av dersom vi ikkje veit kva som er borte?

Utakt

«For å leve sammen i et samfunn, lokalt, nasjonalt og globalt, er vi avhengige av å kunne synkronisere våre handlinger, våre planer, ja, til og med våre erfaringer og forventninger, slik at verden fremstår som noenlunde lik.»  Helge Jordheim

Her inne leikar vi med vår kjensle av tid, synkronisering, tempo og rekkefølgje. Gjennom det visuelle eksperimenterer vi med korleis det kan sjå ut når kvardagslege situasjonar er i utakt. I midten av rommet har vi samla ulike gjenstandar som hjelper oss å synkronisere verda.

Publisert 27. feb. 2018 10:06 - Sist endra 24. nov. 2021 15:04