English version of this page

Ta det personleg – historier om personlig utsmykking

Kven er opptatt av oldtidas smykke og finurlege hårfrisyrar frå før vår tidsrekning? Overraskande mange faktisk − og med god grunn.

Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Ellen C. Holte

Utsmykking av kroppen er og har vore ein vesentleg del av kulturen for å signalisere både likskap med og avstand til andre. I mange kulturar har også samspelet mellom kropp og pynt skapt nærleik til magiske krefter. Ein stor del av kulturarven dreier seg nettopp om det å pynte seg. Derfor er det også ei enorm mengde smykke og personlege gjenstandar som er brukt til kvardag og fest i arkeologiske og etnografiske samlingar.

Store gullsmykke, praktsverd og perler av morsmjølk

I denne utstillinga kan du sjå funklande steinar og store og små gullsmykke, anheng og perler brukt i førhistorisk tid, tatoveringar brukt som magi og eller vern, krigarens smykke: sverdet, aristokratiets forgylte gullspenner frå jernalderen og kammar frå mange tider og stader. Alt for å gjera kroppen vakrare, få kontakt med guddommen eller minnast nokon som ikkje er meir. Slik som for eksempel minnemedaljongar frå 1800-talet. Men når vi pyntar oss, fjernast også ting vi ikkje vil ha; hår, feitt og kroppsvæsker på feil stad kan vera ekkelt og skræmande. Vi set dette i perspektiv med vakre perler av morsmjølk og anheng av feittsuga fett.

«Nytt» vikingsverd og Noregs eldste klesplagg

Men også gjenstandar som aldri har vore stilt ut tidlegare viser vi no fram. «Det nye» vikingsverdet frå Langeid i Aust-Agder med gull i skjeftet og magiske inskripsjonar. Vi viser også kjortelen frå Lendbreen, Noregs eldste klesplagg og ein av svært få bevarte plagg frå jernalderen i Europa. Kjortelen har tidlegare berre vore vist fram i Lom. Plagget må ha blitt laga til ein spinkel mann eller gut, og brukt ein gong mellom 230 og 390 e.Kr.

Gjenstandane i denne utstillinga er nøye valde ut. Alle symboliserte noko heilt spesielt den gongen dei var i bruk. Mange ber på ei svært interessant og personleg historie.

Fyrst Witzlavs ring

Ringen sat på fingeren til eit skjelett som blei grave ut frå ei grav i Mariakyrkja i Oslo. Den døde var antakeleg fyrst Witzlav av Rügen, svigerfaren til Håkon V. Eirikskrønika fortel at då Witzlav var på besøk i Oslo, blei han sjuk og døydde i joli 1302. Ringen er laga av sølv og kalsedonstein og må ha vore rekna som ein kraftfull talisman. Kalsedonsteinen var kjent for å kunne kurere djup depresjon. I ringen er det rissa inn dei fyrste orda av ei bøn til Maria, ei bøn om vern: Ave Maria Gratia Ple. Replika av denne ringen, og ei rekkje andre utsøkte mellomalderringar som blir vist i utstillinga, finst i den eksklusive Mariakolleksjonen som kan kjøpast i museumsbutikken i Historisk museum.

Velkommen til vår pynteverd!

Ny forsking i utstilling og antologi

Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Ellen C. Holte

Saman med utstillinga er det gjeve ut ei praktbok på museumsforlaget: «Smykker. Personlig pynt i kulturhistorisk lys» av Marianne Vedeler og Ingunn Marit Røstad (red.)

Både boka, som blei lansert 27. mai, og utstillinga er eit resultat av ny forsking. Fagfolk frå arkeologi, sosialantropologi, kunsthistorie, fotografi og kjemi har bidrege. Bidragsytarane er alle tilsett ved Kulturhistorisk museum, og knytt til forskingsprosjektet Ta det personleg. Gjennom arbeid med samlingar og forsking knytt til desse, oppstår stadig nye spørsmål og problemstillingar.

Personlig utsmykking dannar eit tematisk grunnlag i skjeringspunktet mellom forsking, museal forvaltning og formidling. I dette prosjektet blei det arbeidd tverrfagleg og på tvers av tid og rom. Forskinga som blir presentert i boka er grunnlag for utstillinga der det er fokus på utvalde tema som er gjeven ein annan og visuell kontekst.

Vitskapeleg kurator for utstillinga er fyrsteamanuensis Marianne Vedeler, koordinator er museumslektor Kathy Elliott. Eili Lindøe ved Kulturhistorisk museum er utstillingsdesignar for utstillinga.

Utstillingsåpningen

Se video av utstillingsåpningen fra juni 2015.

Meir informasjon

Utstillinga spring ut av forskingsprosjektet Ta det Personleg.

Prosjektet står også bak artikkelsamlinga Smykker. Personlig pynt i kulturhistorisk lys, redigert av Marianne Vedeler og Ingunn Marit Røstad, utgjeven på Museumsforlaget

Om gjenstandane

Publisert 13. apr. 2015 08:39 - Sist endra 10. juni 2022 09:37