UR-FORM

Kva er ekte, kva er ei attgjeving, kva er kopi? Gjennom fire fotografi diskuterer kunstnar Nina Torp autentisitet, autoritet, representasjon.

Knuste skår før sammenliming

Fotografi frå arbeidsprosess i prosjektet UR-FORM. © Nina Torp 2014

Foto: Nina Torp

To av fotografia finn du i museets etnografiske bibliotek, to av dei i museets Antikksamling. Kva er det som gjer at forma på urner blir gjentatt opp i gjennom historia? Er det berre praktiske grunnar, som at forma på urner er eigna for oppbevaring og lette å tøme i frå? Urnene i prosjektet, som er ifrå vår nære fortid, har kunstnaren funne på ulike bruktmarknader og butikkar. I samlinga i prosjektet finst det både unike og masseproduserte urner. Det som er felles for urnene er ei overflate og ein form som etterstrever eit uttrykk av ein gjenstand frå antikken. Overflata har ei hinne/glasur som imiterer patina og forma er kopiert. Ved å arbeide med vasane vidare forsterkar ​ho dette uttrykket.

Nina Torp arbeider med ein slags omvendt arkeologisk prosess og forsøkjer å finne fram til noko antikt i billige kopiar av urner. I stadig gjentekne, og dokumentarisk fotograferte forsøk, knuser og rekonstruerer ho urner. Restane blir iscenesett som arkeologiske gjenstandar.

Våren 2015 starta Kulturhistorisk museum​ eit samarbeid med kunstnaren Nina Torp som i si​ne ​prosjekter​ undersøkjer korleis kulturarv blir til. I det treårige samarbeidet skal Torp følgje fleire arkeologiske utgravingar, og med fotografi, video og skulptur vidareutvikle dette forskingsmateriale til nye arbeide og utstillingar.​

Fotoutstillinga "Ur-form" er fyrste framvising av prosjektet.​

Nina Torp arbeider tverrfagleg med tema kulturhistorie, arkitektur og arkeologi. Arbeida hennar blir utført i ulike teknikkar og blir vist som stadspesifikke utstillingar og kunstnariske intervensjonar. Ho er utdanna biletkunstnar ved Kent Institute of Art& Design, École des beaux-arts de Toulouse og Royal College of Art. Dei siste åra har ho blant anna stilt ut ved Galerie im Turm, Berlin, Galleri ROM for kunst og arkitektur, Oslo, Vigeland-museet ,Oslo, Nordnorsk Kunstnersenter, Rogaland Kunstsenter, Tenthaus Oslo, Galleri LNM, Oslo, TENDERPIXEL, London og SIM Berlin/Reykjavik.

Utstillinga er støtta av Billedkunstnernes Vederlagsfond og Kulturrådet.

Bildevisning

Eksterne lenkjer

Opningstider

Bileta i Etnografisk bibliotek kan sjåast mellom kl. 1200 og 1400 tysdagar, onsdagar og torsdagar frå 15. januar og til 1. mars 2016, og same klokkeslett laurdag og sundag 24. og 25. januar og 6. og 7. februar.

Ring på bibliotekets ringeklokke på museets bakside mot Tullinløkka, inngang nærmast Universitetets Aula.

Bileta i Antikksalen kan sjåast i museets vanlege opningstider.

Publisert 13. jan. 2016 15:28 - Sist endra 24. mai 2024 10:29